Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Gaia Project › Reply To: Gaia Project
The Lost Fleet har ankomme, ein ekspansjon som er utgitt mystisk seint i forhold til grunnspelet. Terra Mystica-linja av spel har vore spesielt produktive dei siste åra. Ekspansjonen har hovudsakleg ein nyvinning. Det blir lagt ut 4 romflåter på kartet. På desse er det spesielle tech tiles, federation tokens og kraftige actions. For å utnytte desse må du vere i nærheten av dei og gjere ein action for å kome på besøk. Det er også fire nye faksjonar som ikkje har tilknytning til ein typisk planettype, så du kan kanskje samanlikne dei med dei rare faksjonane frå Terra Mystica. Det har også blitt gjort eit par balanseendringar på eit par av faksjonane, anten for å kalibrere dei mot ekspansjonen eller for å kompansere for skeivhetar som også var i grunnspelet.
Førsteinntrykket av ekspansjonen er at den fungerer. Dei nye tinga i spelet gav ikkje meir regelhodeverk enn spelet lagar i seg sjølv. Det er fortsatt Gaia Project der vi konkurrerer om planetar og actions for å kjøre økonomiane så lenge som mulig utan at hjulene detter av. Noko eg likar er korleis spelet oppfordrar til naboskap samtidig som at naboskapet er ei evig plage når alt blir stole frå deg. Eg har litt inntrykk av at galaksen i spelet blei litt meir klaseaktig med tette område og opne område ut ifrå måten me laga brettet på, men kanskje dette er ein illusjon.
Om det er ein minus med ekspansjonen, er det komplikasjonane rundt oppsett av spelet. Eg trur dersom ein skal gjere alt etter boka koster det 10-15 minutt ekstra. Noko av dette kjem ut frå eit antatt designønskje om å gjere faksjonsvalg til noko strategisk, som er mynta mot folk som speler Gaia Project som om livet er på spel. Det handlar også til ein viss grad om nye komponentar som må ordnes separat frå grunnkomponentane. Det er sikkert potensial for å organisere spelkomponentane på ein måte som gjer denne prosessen så smertefri som mulig.
Alt i alt er eg svakt positiv. Eg trur spelet er betre enn berre med grunnspelet.