Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4543
Sten Ole
Participant

Ein obligatorisk Thunder’s Edge debrief:

Eg trur eg stort sett forholder meg til ekspansjonen siden tankane mine rundt resten av spelet stort sett er uendra. Ekspansjonen har, etter mi meining, to relevante endringar: Galactic events og nye rasar.

No har eg eigentleg mest kjennskap til min eigen nye rase, og naboane sine rasar. Eg trur at her er det nye idear å leke med som berre er gøy. Som alltid vil friksjonen vere om andre klarer å forstå kva du driv med. Er det gøy å interaktere med andre rasar før du veit kva dei er i stand til? Dette er jo også eit generelt Twilight Imperium-problem, som blir litt verre for kvar nye rase. Det typiske som skjer er jo at du lærer om dei mest ekstreme abilitiane på dei mest utslagsgivande tidspunkta. Plutselig mister du alle dine hus og hoteller på grunn av noko du aldri forstod uten forvarsel. Motmiddelet mot dette er jo å spele spelet ofte eller å studerere alle rasane på forhånd, men i praksis vil dette aldri skje. Det er mange tilfeller av “hadde eg visst X, ville eg aldri gjort Y.” Eg registrerte mange rare ting på brettet som eg aldri forstod heilt. Marius lagde rifts som gjorde han veldig mobil, men eg ante ikkje dei nøyaktige mekanikkane. Øyvind lagde oceans, men eg anar ikkje kva det betyr. Rune snakka om plots, men eg såg aldri noko til dei. Gimmikkane var ikkje heilt tydelege. Eg rekner med at alle hadde atombomber gøymd fekk med liten skrift på eit eller anna kort i systemet sitt.

Galactic events virka som ein blanding av irrelevante små ekstra-element og regel-overhaling til vanleg Twilight. Det fungerer som ein modulær ekspansjonspakke der ein kan plukke og mikse slik som ein vil. Det er eigentleg ikkje ein dum måte å lage litt variasjon på. Eg registrerer for eksempel at Rune er sur på kvelertaket objectives har på spelet og måten spelet kan dra ut litt for lenge. Løysningen ligg kanskje inni den stokken. Full krig-eventen vil nok gjere spelet meir popcorn-aktig og mindre politisk. Eg er skeptisk til å endre mykje av grunn-skjelettet i spelet fordi eg tviler på at events ikkje er godt nok testa, men kanskje det litt noko gull i den kortstokken med events.

Thunder’s Edge-planeten og Fracture var for meg ikkje så spennande. Fracture-planetane er ein gigantisk investering i tid og ressursar som har ein fattig 1 victory point for å ta den vanskelegaste planeten. I beste fall, er det ein “fredeleg” option for krigsrasane siden dei kan ta krigen sin mot nøytrale skip og planetar. Thunder’s Edge planeten er ein av dei betre i forhold til rikdom, men i seg sjølv er den ikkje så spesiell. Breakthrough-korta vil nok til dels vere viktige for å få nokre rasane til å virke, så dei fleste har nok ein grunn til å gå på ekspedisjon. Eg er ikkje heilt fan av at teknologi prerequisites blir rota med for mykje. Det gir fleire mulighetar, men det får teknologiane til å meir og meir framstå som atomiske og ikkje del av ein progresjon.

Allianse-varianten har eg sett litt på. Det er nesten litt som Here I stand på nokre måtar når ein har for få spelarar. Faksjonane kan ikkje konvertere trade goods. Det blir derfor ein litt anemisk allianse i forhold til økonomi. Den store forskjellen blir at romflåtar kan jobbe saman, slåss saman og flytte seg saman til angrepsmål (mot at den allierte også bruker ein commandtoken). Det kan gjere at for eksempel at fleet limiten i praksis blir mykje høgare siden begge alliansepartnarar kan tilføre styrkar. Eg klarar ikke å sjå for meg kva dette fører til eller om det er bra eller ikkje. Det at begge spelarar må få ganske mange poeng vil kanskje gjere at spelet drar ut i tid. Kanskje det også oppfordrer til alfa-speling. Eg veit ikkje.

Den andre varianten med “blanke” rasar som bygger seg opp med ting frå alle rasane er fascinerande. Det gjer kanskje at alle rasane blir litt lapskaus-aktige med ting som passar dårleg saman. Du blir jo i praksis ansvarleg for at du sjølv set saman ting som blir bra i sum. Potensialet for idiot-komboar er sikkert høg. Kanskje dette er gøy?

Eg er relativt svakt positiv til ekspansjonen. Den er heilt grei i sum, og eg ser ingen grunn til å ikkje spele med han når han først er “i hus”. Spelet tek lang tid, men det har det vel alltid gjort. Eg er litt skuffa at vi ikkje klarte å bli ferdig, noko som reduserer min vilje til å spele dette særlig oftare. Eg meiner at me har budsjettert meir tid når me har spelt Twilight før. Tommel 35 grader opp.

Reglar, reglar, reglar…

Retreat
Me fann vel ut av dette i løpet av spelet, men vilkår for retreat er at det blir deklarert før combat-runden. Den som trekker seg ut, får likevel lov å trille terningar. Her er det sikkert reglar frå andre spel som har blanda seg inn for å laga forvirring. Eclipse trur eg håndterer retreat på den måten.

“At the Start of Combat”
Ting som skjer “at the start of combat” skjer etter space canon (som ein kan rekne med som ein effekt som er trigga av movement) men før anti-fight barrage. Det vil også for eksempel bety at berre space-canon-ild ikkje teller som ein combat. På same måten er også bombardment ikkje del av combat.