Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › John Company (2nd ed.) › Reply To: John Company (2nd ed.)
Me spelte i praksis akkurat slik reglane vil ha det til, så det er lite direkte feil å påpeike, men noko var “galt” i spelet og det har eg gjort litt research på no.
—
Reglar, reglar, reglar…
Bombay blir for stort
Problemet som me kom borti, og i følge BGG skal vere veldig usannsynlig er at imperiet Bombay blir kjempestort. Kvar flaggtype har fire småflagg og Bombay har 5 regionar rundt seg. Så det skapar eit problem når Bombay beseirer det femte landet rundt seg. Måten vi “løyste” det på var å legge inn eit placeholderflagg. Cole Wehrle har besvart problematikken ved at vi ikkje skal plassere flagg og at dette blir styrt via “limited components”-regelen i spelet. Han vedgir at dette betyr at elefant-algoritmen går litt i lås fordi då vil elefanten loope i angrep mot same regionen fram til veldig spesielle events kjem fram. Eventsystemet går altså nesten i vranglås med offisielle reglar. Cole Wehrle foretrekker at spelet kan ha dette usannsynlege utfallet over å måtte lage meir unntak i reglane. Kvinnherad Brettspelklubb oppdaga altså ein aldri så liten bug i spelet.
Elefantreglane
Elefantreglane/rebellion er nok det som er vanskelegast å gjenoppdage i spelet etter å ikkje spele det på ei stund. Eg oppsummerer litt, men håpet er nok heller at dette blir lest om spelet blir dratt fram etter lang tid og at det blir gjort eit forhåndsstudie på elefantreglane før spelet. Elefanten har ein hovudfunksjon, og det er å varsle det neste indiske angrepet. Ofte vil elefanten flytte seg etter eit angrep. Om sist angrep var eit indisk imperie som tok ein nabo, skal elefanten bli igjen i regionen han var (Imperial Ambitions) og finne seg eit nytt mål etter symbol og klokke-retning som ikkje skal vere eit lite flagg. Om det ikkje finnes fleire regionar igjen uten småflagg (Fully formed Empire), skal elefanten vere på grensa til regionen der symbolet stemmer men peike baklengs slik at dette signaliserer frigjøringsangrep. Ellers vil elefanten alltid flytte seg til regionen som står på baksida av det neste eventkortet. Om denne regionen har eit lite flagg, skal elefanten alltid peike mot hovudstaden sin som frigjøringsangrep. Om regionen er Engelsk-kontrollert skal elefanten ikkje peike ut av landet men stå inni landet for å indikere eit opprør er på veg. Om regionen er ingen av delane, så er det symbol/klokkeretning-reglar som teller. I tillegg skal elefanten justerast dersom det er endringar som skjer. Dersom eit område blir indisk med elefanten midt inni landet (kan skje via foreign invasion), skal elefanten peike mot sirkel. Dersom England tar over området til elefantrumpa, skal elefanten flyttes til midten av landet.
Forsvar
Når vi blir angripe eller det kjem eit opprør, skal det ikkje trillast forsvar. Forsvar skjer via at kommandanten exhaustar ledig krigskapasitet. Det blir ingen looting og ingen dør dersom regionen blir forsvart. Men kommandanten får likevel ein trophy.
Følgeopprør
Dersom det blir eit angrep mot england eller eit opprør i ein av regionane deira, skal det bli oppfølgingsangrep i alle regionar med unrestkubar.
Fleire ting som kommandanten kan gjere
Ein mulighet som eg ikkje var klar over er at kommandanten kan angripe innad i eige territorie for å fjerne kubar eller for å opne marked. Dette er jo positivt for firmaet. Men kva kan kommandanten tene på det? Det set jo kommandanten og offiserar i fare fordi dei må trille. Men fordi alle angrep har minimumloot på 1 for kommandanten og 1 per offiser, så får alle som deltek pengar. I tillegg får kommandanten ein trophy.
—
Eg kan som tilleggskommentar seie at John Company er eit spel eg likar veldig godt. Marius hadde ein negativ holdning, sikkert fordi valgene vi har i spelet er begrensa og gevinstane er usikre og utydelige så det oppleves kanskje som ein stor admin-maskin som vi er fanga i. Adminen blir mindre dersom me speler det oftare. Siden eg hugsa mest av reglane er det nok eg som best ser økosystemet som utspeler seg på kartet. Elefanten lagar ein historie om indiske imperier som først vokser og så kollapser. Det økonomiske gevinsten for å drive kolonivirksomhet i India er i gjennomsnitt lønnsom, men fordi vi som individer i systemet ofte er motivert til å tjene oss sjølve så ligger det i korta at prosjektet om å utnytte India mest sannsynlig vil svikte i alle fall litt. Dei som mest direkte vinn på koloniseringa er presidentane, governørar, kommandantane, writers og offiserar. Den øvre fløyen i firmaet får derimot ingenting. Innteninga deira må skje via bestikkelsar eller at dei favoriserer sine eigne lenger nede i systemet. Korrupsjonen er det som gjer at firmaet ikkje klarer å demme opp mot opprør og events og at potensiell firmainntening ikkje blir utnytta. Makta til prime ministeren over alle sin privatøkonomi er også morsom saman med alt det rare som er blant lovene.
Eg trur hovedbegrensingen til spelet er at det ikkje er automatikk i at spelarane oversikten på kva som foregår. Spelet står og faller på at du veit kva som er verdt å forhandle om og at motparten i forhandlingen også forstår kva som er på spel. Om ikkje det beste spelet til Cole Wehrle, er det i alle fall det spelet som best gjenspeiler hans eigen design-stil.
Eg kan ta ein kikk på firm-reglane. Sist eg såg på dei for mange herrens år siden vurderte eg dei reglane som inkompatible med oss når det gjeld kompleksitet, spesielt fordi det var basisreglar (f. eks events) som vi ikkje var heilt trygge på og vi visste ikkje kva vi holdt på med generelt. Kanskje vi er smartare no?