Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › John Company (2nd ed.) › Reply To: John Company (2nd ed.)
Leste nettopp gjennom firmareglane. Det er litt knot, men det kjem ikkje i gang før litt uti spelet og berre dersom me stemmer på det. Firmaene kjøper båter anten frå John Company eller frå shipyards og bruker dei til å handle i India. Fordi monopolet er brutt så kan det føre til litt mindre inntening per båt. Det går an å kjøpe aksjer i andre sine firma og ta del i innteningen, som også kan føre til at andre kan overta styring via hostile takeover. Om firmaet går under, så kan familiemedlemmer havne i debtor’s prison. Aktiviteten gjer det også mulig å pensjonere folk uten å gå gjennom John Company-systemet. Det er kanskje hovedgevinsten bak å ha aksjer i eit firma. Knotet ligg helst i mikroreglar som ligg i systemet. Det er små unntak og begrensingar som er vanskelege å hugse og som alle må ha litt kontroll på. Eg er usikker på kor godt dei står forklart på spelerbrettet eller på player aids.