Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4586
Sten Ole
Participant

Nye erfaringar med dette spelet, men ingenting særlig overraskande. Testgjengen spelte akt 2 av spelet med laget som vant akt 1. Sjølv om vi klarte oss, var akt 2 eit klart steg opp.

No har eg også prøvd akt 1 berre med to spelarar saman med Øyvind med ein litt annan strategi. Målet var å spele meir risikabelt for å få større gevinstar. Dette var forresten etter at vi hadde lagt til høgare vanskelighetsgrad pga tidlegare suksessar med første testgruppe. Vi kjørte gjennom 3 elite encounters og kom halvdaude til akt 1 bossen. Vi slåss heroisk, men vi endte opp med å ta ein skade meir enn vi tålte runden før vi mest sannsynleg kom til å vinne.

Kontrastane mellom 2 og 4 spelarar var tydeleg. Når ein var fleire så kunne ein signalisere at du var i fare og med ein viss sannsynleghet kunne laget finne ei løysning for å gjere problemet mindre. Med to spelarar var det meir bingo om ein fekk hjelp eller ikkje. Det blei fleire rundar der du fekk bank og du berre måtte leve med det. Du blir også større grad straffa for å lage spesialistar når du berre er to. Eg trur derfor spelet er lettare med fleire spelarar til å lage ei full verktøykasse sjølv om det blir mange fleire monster å slåss mot.

Noko sist runde lærte meg også var at dette er ein roguelike. Uflaksen var ekstrem. Vi kjørte den vanskelegaste løypa til bossen og alle belønningane som eg fekk langs vegen var søppel. Alle encounterane var spesielt egna til å nøytralisere dei få tingene eg hadde som var potensielt nyttige. Alle nye korta til stokken min var eit valg mellom pest eller kolera. Det var vondt. Denne gongen var vi meint til å tape og slik må det berre vere. Men eg ser jo for kvar gong kva kort som er gode saman og kva som er mindre bra. Eg ser også kva monstre eg kan forvente å møte. Neste run blir betre!