Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4604
Sten Ole
Participant

Testspeling med 6 personar med firms:

Spelet gjekk i stor grad “som vanleg”, men totalopplevelsen ved bordet var at spelet tok for lang tid og at det kanskje ikkje var så mykje å gjere på. Klokka tilsa noko liknande der vi i praksis starta rundt 1830 og gav opp etter 4 av 7 rundar kl 2230. At spelet skal vare i 7 timar er nok neppe meininga. Årsakene er fleire, men hovedsakleg handlar dette om at vi ikkje har spelet i blodet. Detaljane må slås opp, event-stokken er litt vanskelegare enn vi ønskjer og dei opplagte vala er ikkje så opplagte. Vi kjem nok aldri til eit punkt der alle ved bordet er opplyste nok eller hugsar spelet bra nok. Tematikken går også litt vekk når spelarar koplar av i eventfasen og når dei ikkje skal gjere ting sjølv.

Men, optimisten i meg trur at spelet kan leve eit godt liv når vi speler med introscenariet. Då er det berre 5 rundar. Det blir ein smidigare start og første turen blir ikkje så intens med governøraktivitet, opiumhandel og angrep på veg. Då er det kanskje lettare å kome inn i eit felles modus der firmaet sine behov er meir openbare slik at kvar stasjon på rundetrackeren ikkje blir ein lang tankeprosess.

Vi var 6 spelarar, som eg ikkje er hundre prosent sikker på om får spelet til å ta meir tid, men det gjer i alle fall at eg mister oversikt over kva spelar som har den eller den fargen, og kva dei spelarane sine mål i spelet burde vere. Ei mindre gruppe på kanskje 4 er meir fornuftig enn 6. Det hjelper nok også å berre ha spelarar som er meir positive til konseptet frå starten. Dette er eit spel som er lur å dra fram når spelergruppa stemmer med spelet istedenfor å berre vurdere spelerantal. Då er kanskje opplevelsen mindre fragil.

Firma-delen fungerer eigentleg ganske dårleg i forhold til det som er våre utfordringar med spelet. Firma-fasen tek litt meir tid enn han burde fordi det skjer mykje forskjellig då, og desse gjeld eigentleg berre for dei som vil ha noko med firma å gjere. Firma opererer som eit lite mini-John-Company inni spelet, men vikler komplikasjonar inn i regionspresidentane sine fasar som allerede er samansatte. Timingen på firmating er i utakt med resten av spelet. Både mulighetane, gevinstane, fallgruvene og motivene i firmasystemet er vanskelege å oppsummere med nøyaktighet. Gevinsten som er “unik” er at du kan få ein pensjonering av å vere investor, som betyr at du kan få kort, som kanskje ellers er vanskeleg å få til. Firmaet fungerer berre når handelen går som den skal, og når det først svikter blir det ein død investering som gir litt minuspoeng til alle involverte. Utfordringen for motspelarar er å kunne se forskjell på eit sunt firma og eit som er i ein dødsspiral i forhold til overtagelse og investering. Det er relativt umulig når firmareglane ikkje er lett tilgjengelig for alle.

Eg likar spelet godt i teorien, men eg har vanskeleg for å sjå at det når sitt fulle potensial hos oss. Eg håpar å sjå innlegg som kan auka optimismen.