Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4618
Sten Ole
Participant

2 scenario er gjennomført, og Gloomhaven-vibbane er fullt på plass. Semi-coop-aspektene ved spelet har allerede vist seg med opportunistisk looting, solo-kjøring og battle goals som sender oss ut på suboptimale baner. Systemet er fantastisk til å heile tida tvinge oss til å velge mellom A eller B, det kortet eller det kortet, den fienden eller den andre, mist HP eller mist kort, short rest eller long rest. Gjennom heile spelet er det dilemma som er avgrensa nok til at det ikkje koker over, men også slik at du alltid må gjere valg og engasjere deg.

Som lag, er vi rimelege ubrukelege foreløpig, der abilities kjem ut på elendige tidspunkt. Noko vi kan bli meir obs på er at etter at korta våre er valgt, så kan vi åpent kommunisere kva vi skal gjere, nøyaktig kva vi treng av andre osv. Det ser ut som at blant anna bannerspearen er avhengig av kva andre gjer på.

Inntrykk av medspelerklassane er foreløpig at:
– Deathwalkeren er eit langdistanse masseødeleggelsesvåpen.
– Drifteren er ein mobil sopp som aldri er der vi vil han skal vere.
– Bannerspearen er ein slags dysfunksjonell sjakk-posisjonsklasse uten tydeleg retning.

Boneshaperen på level 1 er ei litt vanskeleg nøtt fordi ho er ikkje fantastisk til noko som helst og har fleire distinkte svakheter. Bidraga blir små og mange, og ofte litt kaotiske. Ho er elendig i trange korridorar og elendig i “bakrekka”. Styrkane hennes blir nok meir tydelege på meir åpne scenario og når ho har jobba seg opp eit par levlar. Foreløpig er ho ein litt upraktisk papir-tank som tanker med skjelleta sine.

Gleder meg til første outpost-runde.

Reglar, reglar, reglar…

Ein mini-regelpresisering om elementer. Element blir berre “infused” dersom den tilhøyrande abilityen blei utført. Det vil seie du ikkje kan bruke eitt kort berre for å “infuse” eit element (og evt sanke experience).