Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Frosthaven › Reply To: Frosthaven
Frosthaven går unna med meir eventyr. Bannerspearen har begynt å tilføre verdi i gruppa. Drifteren har skrudd ned tempoet. Harmoni har senka seg i gruppa. Me har fått levla opp. Byen har blitt litt dulla med.
Foreløpig inntrykk er at scenario og karakterkvaliteten er litt høgare enn i Gloomhaven. I gloom var det fleire karakterar som kun hadde ein enkelt gimmik. Frosthaven ser ut til å tilby meir variasjon innenfor same karakter (foreløpig). Scenariene forsøker fleire nye konsept uten at dei blir heilt eksperimentelle. Vi får sjå om det fortsetter. Eg har følt meg trygg på at scenario skal gi ein fornuftig utfordring. Forhåpentligvis fortsetter det.
Skrivingen føler eg mangler noko. Det har visse underliggande antagelser om kvifor vi skal gjere ting som ikkje heilt spelet ikkje klargjer. F eks blir vi oppfordra til å ta ei side i ein intern konflikt mellom to grupper som begge har eit fiendtlig forhold til Frosthaven. Korleis det skal hjelpe byen eller oss seier spelet ingenting om, men det blir framsatt som fakta at dette er essensielt. Det er også ein disconnect mellom at vi er superlydige til ordre frå NPC nr 5, som også tar det for gitt at me er mannskap som kan fritt brukast, og dei kaotisk onde handlingane vi kan foreta oss på eventkort. Her synes eg at Gloomhaven hadde eit meir tydeleg plot.
Outpost-greiene er foreløpig mindre interessante enn eg hadde håpt. Å drive ressursforvalting for Frosthaven er ikkje spesielt gøy. Men ein positiv ting er tempoet som nye klassar blir låst opp. Vi har allerede to nye valg. Vi får sjå om systemet gror på meg.