Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Wonderland’s War › Reply To: Wonderland’s War
Ny speling etter lang pause. To faksjoner er oppdatert for å balansere spelet litt meir enn det var frå tidlegare uten st dette har veldig mykje å seie for spelet i seg sjølv. Me var 3 spelarar som virker som at det er tilnærma optimalt.
Spelet kjem i to deler. det eine er te-selskapet som er draftingdelen der ein posisjonerer seg på kartet, bagbuilder, låser opp faksjonsegenskaper og rekrutterer spesialsoldater som har spesielle krefter. Her er det strategiske hjertet i spelet som egentlig bestemmer om du vinner eller taper.
Den andre delen av spelet er basert på push your luck der ein plukker chips ut av baggen din for å få styrken i kampane til å auke og risikere tap om du drar strikken for langt. Forsiktighet belønnes ved at du står sterkt på kartet til neste runde.
Spelet er glorete, litt større enn det fortener å vere og kanskje litt meir kombo- og sannsynlighetsbasert enn tematisk. Det krever plass på bordet. Alle delene lager eit ustrukturert rot på bordet med kort, chips og standees som flyter. Den tematiske tilknytningen til Alice in Wonderland er syltynn, men eg trur uansett push your luck og taktisk bagbuilding ikkje legger til rette for å fortelle historiar.
Det er eit utfordrande spel som er som det er, og du må godta det for det som det er og ikkje kva du ønskjer det skal vere. Det er ein stygg andunge der ein må leite litt ekstra for å finne gleden. Men gleden er ikkje fråverande.