Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4641
Sten Ole
Participant

Oppdatering eit par scenario seinare:

Drifteren og Bannerspearen er borte. Dei har blitt bytta ut med Trapperen, som virker som av og til er god og av og til er ubrukelig, Og Blinkbladen som er litt meir allsidig og hypermobil. Boneshaperen ønsker å pensjonære seg med ære, men det ser ut som at det kan ta tid. Det viser seg at tilstedeværelsen av Deathwalkeren på laget avgjer om det er lett eller vanskeleg å vinne.

Eg er ennå litt skeptisk til byforvaltningen i spelet. Det er eit avbrekk frå spelet der eg ikkje føler så mykje relevant skjer. I gjennomsnitt blir byen betre og låser opp fleire ekstra-ting som også er fråkopla hovedspelet.

Skrivingen er fargerik men veldig fragmentert. Fordi progresjonen ikkje kan fortsette i ein retning om gongen, får du bruddstykker av ulike plot. Det gjer det vanskeleg å holde tråden på historiar som ikkje blei introdusert så godt i utgangspunktet. Først var det superviktig å slåss mot Algox. Så var me på ekspedisjon til ein spire. Så var me på jakt etter coral shards. Så må vi på jakt på undead. Eg aner ikkje kva som foregår og hugsar ikkje igjen ein einaste NPC.

Scenario-design har vist seg å vere meir variert enn i Gloomhaven på bekostning av kompleksitet. Mange scenario har ein gigantisk rosa boks i boka med tilleggs-reglar som av og til skapar meir spørsmål enn svar. No sist hadde me eit scenario som var bokstavleg talt umulig heilt til vi leste FAQen. Før det var det eit scenario som vi statistisk sett aldri kunne vinne med dei karakterane vi var på grunn av spesialreglar. På mange måtar foretrekker eg scenario der målet berre er å drepe monstre.

Karakter-design er der Frosthaven gjer det skikkelig bra. Eg kan ikkje hugse at eg trengte å bytte ut kort i Gloomhaven, men i Frosthaven er dette tilsynelatande halve spelet. Det er eit eige spel å myse på scenario-introen og gjette seg til kva som er rette utstyret for å vere god der. Det er i alle fall sånn for Boneshaperen som er mykje meir allsidig og interessant enn alle summoner-klassane i Gloomhaven til saman.

Tentativt 8,5 av 10 Shambling Skeletons