Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Shikoku 1889 › Reply To: Shikoku 1889
Moro spel å prøve igjen med mindre justeringar for å endre spelet til noko betre. Eg hadde det kjekt, og eg synst nok slutten ikkje treng å vere så slitsom dersom vi er på ballen når togene kjører på slutten og tar dei snarvegane som finnes. Det blir ein slags måte å gjere endgame scoring på. Men kontrasten er stor i forhold til midtspelet der det er mykje som forgår både på skinnene og på børsen.
No ser det ut som at spelet ikkje er den ultimate opplevelsen siden vi ikkje orker å spele nok til å komme til ein fornuftig avslutning der me kan måle kor flinke me har vore. Men me har det gøy underveis. Det indikerer kanskje at me bør halde augene opne for eit tycoon-spel med korrupsjon og aksjehandel. Kanskje noko slikt finnes som ikkje akkurat er 18xx.