Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Hegemony › Reply To: Hegemony
Erfaring frå gjensyn med spelet: Det virka som at poengbalansen var betre no. Det kan hende det er fordi vi er meir intelligente eller at vi gjorde noko feil sist gong. Det kan også hende at vi var meir forhåndsinformert om kva som gir poeng før i tida. Spelet er ennå litt underleg med actions som ikkje er heilt tydeleg korleis du kan utnytte skikkelig. Middelklassen, som eg spelte igjen, er i ein evig konflikt med seg sjølv der du vil ha både høg og låg skatt samtidig, både frihandel og proteksjonisme samtidig, og både dyre og billige offentlige tenester. Det er også ein evig balansegang mellom økonomisk gevinst og telefonkonsum (AKA victory points). Noko eg merka var at det låg meir pengar i å svindle staten via subsidieordningar enn å gjere kommersielle justeringar.
Spelet blei litt betre, sjølv om det er årevis siden vi forska på det sist. Eg trur alle spelarane var raskare til å innsjå rollene sine. Når det er rasjonelle valg på brettet, så fungerer økosystemet som det skal. Og då begynner ein å ane mulighetane for spel og motspel, og det inspirerer til tankar om kva eg vil prøve å fokusere på neste gong, evt ting eg vil prøve ut med dei andre faksjonane i spelet.
Det er ikkje akkurat eit lett spel, og vil vere eit vanskeleg spel å introdusere. Men player aidane er omtrent så gode som er mulig (men er også kjempestore med mykje lesing). Oppsett tek litt tid, og spelet tek nokre timar å kome seg gjennom. Eit 4-player spel har til saman 100 spelarturar + upkeep.
Forhåpentligvis kjem spelet tilbake på bordet igjen om ikkje alt for lenge.
—
Reglar, reglar, reglar…
Game end lån
På slutten av spelet mister kapitalisten 5VP per lån. Andre spelarar må betale $55 per lån og mister 1VP per $5 som mangler.
Unskilled-prioritering
Når ein kapitalisten, middelklassen eller staten opner ny arbeidsplass og ansetter andre spelarar sine folk på jobb, skal unskilled folk prioriterast der det går an innenfor den klassen.
Lån (Kapitalist)
Pengane skal inn til capital og ikkje til revenue.
IMF (Politikk)
Gjentagelse av tidlegare post (Fiscal Policy). Du er over IMF-grensa med 1 lån eller 2 lån (avhengig av policy), ikkje 2 eller 3. Prosessen tvinger politikken til startoppsettet utenom med litt lågare minimumlønn. Dette trigger alle effektane som kjem av endra politikk. Alle bills blir fjerna, og den som foreslo bills får 1 influence per bill. Arbeiderklasse og middelklasse blir skattlagt som om politikken i labor market (seksjon 2) ikkje hadde blitt endra den runden. Staten betaler $55 per lån eller alle pengane sine og fjerner låna. Så blir alle legitimacy-markørar halvert.
Opphør av offentlige arbeidsplassar (Politikk)
Politikaren kan selge arbeidsplassar sjølv om arbeidarane der er commited, som ellers i spelet ikkje er lov.