Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4908
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar…

Commerce cards
Commerce cards er ikkje for å vise kva ressursar du har tilgjengeleg. Det er overskudd som blir refresha kvar gong du produserer. Når andre kjøper frå deg, så snur du kortet istedenfor å miste ressursane. Om alle korta allerede er snudd, mister du ressursane som blir selte. Det betyr at du neppe klarer å kjøpe vekk ressursane til spelarar på ein effektiv måte.

Engage tokens
Istedenfor å bruke engage-tokens på å tjene penger, kan du bruke det til +2 per allierte land i defense. Det er sikkert mindre nyttig enn pengar i praksis.

Ubrukte Strategic Asset-kort
Ubrukte Strategic Asset-kort gir 2 VP på slutten av spelet.

—

Det er eit behageleg spel når ein ser korleis det heng saman. Det flyter godt og det er akkurat konkret nok til at du kan fantasere om kva du driv på med. Handlingane i spelet består hovedsaklig om produksjon av ressursar, kjøp og salg av ressursar, influering av små land og militær ekspansjon. Poeng kjem i stor grad av å ha fleire ting enn andre i regionane.

Spelet bruker deckbuilding som system, men er i praksis ikkje ein deckbuilder. Du får ikkje bruke korta som du kjøper så mange gonger og kan gjere lite for å forme stokken din. Det er egentlig primært ein måte å bestille eitt bestemt kort til neste runde. Det at andre kjøper bestemte kort vil også flagge litt intensjonen deira framover.

Trivelig spel, med mykje polstring og barnesikring.

—

Ekspansjonen Diplomacy and Dominance består 95% av ein solo-mode. Brettet som følger med er ein solo-komponent. Det er som kanskje er relevant for oss vanlege folk er dei ekstra korta som kan stokkes saman med det andre, ekstra growth-kort (som ikkje har ein heilt gjennomtenkt måte å ha dei med), og kort med ekstra målsetningar som du prøver å få til i løpet av spelet for poeng.