Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4944
Sten Ole
Participant

Kontrasten mellom å spele Russland og USA var stor. USA må i klinsj med alle, og det føles som om du speler 1 mot 3 heile vegen. Du blir dradd i mange retningar samtidig. Du må vere litt med på alt. Risikoen er at du ender opp med å tape alle tautrekkingane fordi du sprer deg for mykje.

Eg har fortsatt ingen innlysande idear om kva som er lurt i spelet for dei ulike faksjonane. Eg har heller ingen klare tankar om styrkeforholdet mellom dei. Russland har gjort det bra i klubben fram til no, men eg trur det seier meir om oss enn om spelet. I ettertid ser eg jo utfallet av valga som eg tok i løpet av spelet og kan delvis forklare kvifor eg ikkje vant med USA ut frå det, sjølv om eg oppnådde dei tinga eg satte som mål i starten av spelet.