-
Jarle Haktorson replied to the topic Suburbia in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar a year ago
Ny test etter ni år eller så. Framleis artig, men litt for langt og ikkje så passande for fem spelarar. Når fire andre har gjort noko før deg, ser utvalet av tilgjengelege brikker heilt annleis ut, så ikkje så lett å tenkje framover. Då blir det mest å vente på din tur, og så kikke på bordet. Kan jo sjølvsagt leggje opp ein plan A, B, C, D osv.,…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Voidfall in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar a year ago
Veldig kort oppdatering etter ferdigspelt test fire spelarar.
Aggressivitetsnivå 3/4
Kompleksitetsnivå 2/4
Speletid: Ca. 6 timar.Speletida er framleis litt for lang, men det blir nok kortare. Merka det allereie i Cycle 2, at symbolikken fall på plass for nye spelarar, og det var meir strategien som tok tid. Realistisk speletid på fire tim…[Read more]
-
Rune Hanssen replied to the topic Voidfall in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar a year ago
Fekk testa full gjennomgang på nivå 3-2.
Spelet er ein konkurranse i å få utnytta kombinasjonar av symbol, metal, plast og papp kvar tur. Du sit for det meste for deg sjølv og eltar hjernedeigen. Eg vil tru speletida vil kortast ned etter nokre spelingar. Kampsystemet er ei problemløysing framfor guts and glory, noko som passar dette spele…[Read more] -
Jarle Haktorson replied to the topic Voidfall in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar a year ago
4.56 i Weight på BGG…. For å samanlikne med andre populære spel i klubben:
Ark Nova: 3.73.
Caverna: 3.78.
Fief: 3.82.
Dominant Species: 4.04.
Twilight Imperium IV: 4.31.
Virgin Queen: 4.43.
Here I Stand: 4.53.Utan at eg har sjekka alle spela, trur eg Voidfall dermed er det tyngste spelet me har i klubben. Vent litt? Kva betyr tungt? Vil de…[Read more]
-
Rune Hanssen started the topic Dark Ages: Holy Roman Empire in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
-
Jarle Haktorson replied to the topic Unsettled in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Det skulle altså ta to år før eg prøvde Unsettled på ny. Reglane (med hjelp av Sten Ole) kom fort tilbake. Men heldigvis kom også stemninga også. For dette er eit spel meint for å skape stemning. Ein felles kamp mot det som møter oss. Og kva gjorde me idiotar? Gjekk rett laus på ein Nivå 3-planet, som i løpet av kort tid tok knekken på oss. Ell…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Maracaibo in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Dei to første gongene eg spela dette spelet, elska eg det. Hadde det på 1. plass på kåringa årsmøtet 2021. Har så spelt det nokre gonger igjen sidan då. Framleis eit veldig kjekt spel, men merkar at eg jaktar litt meir på poeng, enn rein “nytelse”. Så problemet er meg, ikkje spelet. Dei første gongene berre farta eg omkring, utforska jungelen,…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Kingmaker II (The Second) in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Ser ikkje ut som dette spelet fall i smak. Det var synd. Eg har nostalgiske forhold til det, som eit av dei aller første brettspela eg kjøpte. Fann aldri ut av reglane. Dette var før Internett, og med eit regelhefte som me i etterkant fann ut var full i feil, blei det aldri fullført, og til slutt gitt til Rune.
Men er det håp? Eg ser det ligg…[Read more]
-
Rune Hanssen started the topic Kingmaker II (The Second) in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Då er studierunden gjennomført. Kan minne om Fief: France 1429 – men ein er litt meir i nåde under event deck. Ein regel-purge så er me der. Trur spelet funkar bra og ikkje tek for lang tid.
-
Rune Hanssen started the topic Atlantic Chase in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
-
Jarle Haktorson started the topic Wonderland's War in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Wonderland’s War var ei særs positiv overrasking. Eg visste ingenting om spelet, før eg no har vore på ei gjennomspeling. Spelet var spelt av andre før, så dei hadde kontroll på reglane (som alltid er greitt), samt at reglane i seg sjølv er veldig greie å forstå/halde styr på.
Det er mange ulike mekanikkar i sving, men alle heng flott saman. De…[Read more]
-
Rune Hanssen replied to the topic Pax Pamir (2nd ed.) in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Subjektivt!
Pros:
– fine og interessante komponentar
– god symbolikkCons:
– snappy mekanikk med store svingningar
– vegar som forsvinn
– Afgansk tema
– Igler -
Jarle Haktorson replied to the topic Pax Pamir (2nd ed.) in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Veldig god oppsummering og samd i alt. Eg vart likevel ikkje umiddelbart solgt, men det har meir å gjere med at eg må “like” spelet, eller “vite” korleis det fungerer/reglar/system. Såleis kan eg godt “like” eit spel som eg har null kontroll på før eg har spelt det fleire gonger, eller “vite” nok om spelet til at eg kan leggje opp den stra…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Dune (Gale Force Nine) in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Eg er sikkert biased, sidan eg likar Twilight Imperium så godt, men eg synes at Rex er eit betre spel enn Dune. Eg trudde først at dei var veldig like, men endringane synes eg likevel er store.
Eks. kortbunken; i Dune ligg det masse Useless kort. Eg hadde tre slike på hand. Kva skulle eg med dei? Jo, “lure” motstandarden i kamp. Ehh. He…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic 2023 Ønskeliste in the forum Ønskjeliste – nye spel 2 years ago
Flott initiativ!!
-
Jarle Haktorson started the topic Maria in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Kjapt innlegg om «Maria» for å inspirere Sten Ole til å kome med ei ev. regelavklaring og motivasjon for å Tor Inge (og andre!) til å spele det igjen.
For Maria var gøy. Tenkjer rar blanding av Virgin Queen, Sekigahara, Condotierre og sjakk. Sjakk?! Ja, i starten synes eg ting var litt scripta; «fornuftige» opningstrekk ein burde ta, slik som…[Read more]
-
Rune Hanssen replied to the topic Food Chain Magnate in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Då har siste test sett spikeren i kista. Spelet er kun for galningar, og utgivaren sitt motto om at ingen spel er bra dersom ein ikkje kan tape i første runde, er veldig teit. Verdig ei brenneliste
-
Rune Hanssen replied to the topic Twilight Imperium in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Det er ikkje ofte me har konstruert galaksen. Ein startar med Mecatol Rex i sentrum, så legg ein ut home planet i ytterste ring. Deretter startar Speaker med innerste ring rundt Mecatol og så går det clockwise utover. Ein kan «tvinge» folk til å leggje system andre plassar enn ved «seg sjølv».
-
Jarle Haktorson replied to the topic Twilight Imperium in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Kommentar reglar:
1. Dette var også konklusjonen vår i går. Greitt å få det avklart.
2. Dette må me hugse til neste gong (yeah, right).
3. Dette var me inne på i går, men tolka feil. Greitt å få det avklart.
4. Dette må me hugse til neste gong (yeah, right).
5. Om me skal vere strenge, og ikkje berre lytte til kva “erfarne spelarar” seier, kan…[Read more] -
Rune Hanssen replied to the topic Andean Abyss in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 2 years ago
Eg er også einig med alt. Eg kan spele det igjen om eg er i rett humør og villig til å verke i seks timar.
Er også med på eit anna interresant tema innan COIN spel om nokon får tak i.
- Load More